Rogaland
![]() |
Rogaland ligg i det sørvestlege hjørnet av Noreg og er det fremste olje- og gassfylket vårt. Oljevelstanden har ført fylket til inntektstoppen i landet. Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i landet og det dominerande urbane sentret i fylket. Omlandet Jæren er blant dei viktigaste landbruksregionane i Noreg.
Rogaland har vore eige fylke sidan 1662. Det småkuperte og fruktbare Jæren utgjer både det geografiske og det samfunnsmessige sentrumsområdet i fylket, medan kystdistrikta i nord og sør – Haugalandet og Dalane – er meir karrige og spreiddbygde. Inst i Rogaland ligg Ryfylke, eit fjord- og fjelldistrikt med mange stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag.Midt på 1900-talet levde rogalendingane av fiske, jordbruk og industri av ymse slag, og fylket var ikkje spesielt velståande. Så tok amerikanske oljeselskap til å prøvebore etter olje i Nordsjøen, med base i Stavanger, og i 1969 blei Ekofiskfeltet oppdaga. Seinare har fylket vore igjennom ei eventyrleg utvikling når det gjeld både økonomi og arbeidsplassar. Men konsekvensen av den kraftige veksten er òg høge bustadprisar i Stavangerområdet og eit næringsliv som er utsett for svingingar i oljeverksemda.
|